Bak Attrå står to engasjerte Kvammajenter, Hildegunn Berge og Monica Neteland.
Om Attrå
Hildegunn har lang erfaring frå treningsbransjen som instruktør, personleg trenar og kosthaldsrettleiar, og vil med sine erfaringar og attrå for trening, skapa gode treningsopplevingar for medlemmene. Monica har lang erfaring gjennom eigen trening, og ho vil gje medlemmene fantastisk service, og gjera senteret til ein stad ein har lyst å komma delta til.
Attrå tilbyr eit flott og moderne treningssenter med det siste utstyret frå Technogym, som er verdas leiande leverandør av treningsutstyr. Her vil du som medlem finna eit godt utval av kondisjonsutstyr, styrkeapparat og frivekter.
I andre etasje finn du spinningsal og romaskinsal, og i tredje etasje ein nydeleg treningssal med fantastisk atmosfære og utsikt over Hardangerfjorden. Oppe finn du og garderobane.
Opningstider
Måndag - søndag: 05: 30–23: 30
Gymmen er bemanna etter avtale, berre ta kontakt på tlf, epost eller melding!
Elles er det alltid instruktørar på plass på gymmen ved timar og PT-aktivitet, dersom du har spørsmål.
Ring oss gjerne. Me er aldri langt vekke.
Tlf 48155004 eller 99573481